Velkommen

Garden Ottemes er eit klyngjetun, som ligg midt mellom Aurlandsvangen og Flåm i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Til garden høyrer store skog og utmarksområde. Det er 27 hus på tunet, medan det har vore rundt 30 hus. Det har vore fastbuande på Otternes i over 400 år!

I dag er Otternes eit kulturminne, men samstundes eit levande gardstun. Ein vakker plass som me er utruleg stolte av og som me ynskjer skal glede både tilreisande og bygdefolk i all framtid. Her kan ein  få inspirasjon på ein plass der man ikkje kunne tru at nokon kunne bu, delta i kulturvandringar og aktivitetar, slik det høver seg på eit levande bygdetun.

Velkomen til gards!

Les mer...
 
webdesign/webmaster www.klevenpless.no